Kafé Kraftstasjonen

Velkomen til ein ny kafé med eit variert tilbod og med historisk sus.

Opningstider

For tiden lukket.

Måndag – Laurdag    kl.
Søndag                        kl.

Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player

Lokale

Kafeen har daglige kafé lokale med plass til ca 60 personar samt eit selskapslokale med plass til ca 60 -70 personar. Dette lokalet er delt med biblioteket og kan leggjast til rette for lukka lag , møter. Rommet har fast projektor med lerret, konferansebord/ stolar og flipover.
Det er gratis tilgang til trålaust nettverk (internett ) i alle lokala.
Flott altan som delvis har overbygg slik at ein kan nyte kaffi og anna utandørs i all slags vær.

Tenester/ Tilbod

Me er til ei kvar tid mottakelege for å halda ulike arrangement og tek imot bestillingar på catering/kaker utanom dei ordinære opningstidene.

 

Kontakt


Adresse: Ålvikvegen 1041, 5614 ÅLVIK

 

 

Design

Med sitt unike preg er kafeen innreia for det meste av lokalt trevirke samt interiør satt saman i ein fin foreining med moderne og historiske gjenstandar. Innandørs arkitekt Andrea Linga som fortel dette om prosessen i prosjektet:


Då eg begynte å jobba med Kafeen for nokre år sidan var mitt hovudfokus å lage ein kafé som skil seg ut og som folk i Ålvik kan, og vil ha eit eigar forhold til, det var det viktigaste. Stikkorda eg jobba ut i frå var: Tilhørighet, industri, alle aldra, dugnadsånd, natur, fjord, fjell og gjenbruk. Eg liker kombinasjonen gjenbruk, natur og industri. Det skapar ein balanse mellom hardt og mjukt som eg synes er veldig beskrivande for staden kafeen er plassert. Mellom bratte fjell, vakker natur og fjorden. For å gje folk i Ålvik ekstra interesserte brukte eg kjende stadnamn i Ålvik som "bordnummerrering". Tenkte at dette var humoristisk eg har fått god respons på det. Alle har eit litt ekstra godt forhold til ein av plassane, og for meg sjølv som utflytta Ålvikar er det godt å koma heim å setja seg der det står Vetletveit.

Industri er vel og bra, men det måtte ikkje gå for langt, for folk er jo veldig opptatt av at det er koseleg og ikkje kaldt og minimalistisk. Igjen det med tilhørighet var jo og tanken bak når me hadde innsamlings aksjon på stolar. Dei er brukte, vel brukte.
Dette med å bruka dører som bord er eit velkjent fenomen for meg som driv det meste av tida mi til å saumfara interiør blader, men for dette prosjektet var det Per Ivar Vedå sin ide, og eg syntes det passa inn og er nøgd med resultatet. Tanken var å ha enkle bjelkar i taket for eit meir robust utsjåande men med lokal resurs og kompetanse vart det bindingsverk i god tradisjon. (Arne Jordal)


Eg byrja tidleg å brife med tanken på gamal teglstein, og Frode var ikkje sein med å samla stein frå ein gamal ovn på Bjølvefossen. Nesten kvar minste detalj i det lokalet har ein historie. Alt frå måleinstrumenta frå kraftstasjonen, besten min sine gamle vernesko, kartet frå skulen, bilete frå museet, bardisk laga av "nabotreet", møblar frå adminien med meir.

 

Wallcon © 08-Jan-2014

Webcam Ålvik

post@aalvik.info