Milepelar i Bjølvefossen og Ålvik si soge

Av Erik Fossåskaret  

4. august 1894 vart det tinglyst kontrakt mellom grunneigarane i Ytre Aalvik og overettsakførar Gjermo om rett til å kjøpe vassrettar.
Fem år seinare kjøpte Fredrik Louis Hiorth vassrettane. Skøyte vart tinglyst 12. august 1899. Handelen omfatta heile Bjølvovassdraget frå sjøen til fjells, fri grunn til demningar og tomteland til fabrikk- og kaianlegg. Samla kjøpesum var 6 000 kroner. Etter avtalen frå 1894 skulle heile kraftanlegget og eventuell fabrikk leggast til Ytre Ålvik. Retten til å kunne føra vatnet bort frå Ytre Ålvik kom inn ved erstatning i samband med ei ekspropriasjonssak i 1908.
Fossekompaniet A/S Bjølvefossen vert skipa 19. mars 1905 ved konstituerande generalforsamlinga på kontoret til advokatane Seip og Lundh i Kristiania. Aksjekapital var 40 000 kroner.
23. juni 1913 finn Kvam Heradsstyre grunn til å gi ein samrøystes merknad til ”forberedende reguleringsarbeider, som har været utført i løpet av de 6 siste aar. … en hel del værdifuld beitemark tilhørende i alt 13 gaardbrukere vil bli nedlagt. Den storslagne Aalvikfos, som hver sommer beundres av tusinder av utlændinger, som reiser indover Hardangerfjorden, vil rimeligvis forsvinde og herved forandre hele stedets karakter.”
13 oktober 1913 melder Hordaland Folkeblad at det er sett opp 4 brakker på fjellet. Materialane er tekne opp med ”Streng”. 20 mann er i arbeid.
Aalvik Arbeiderforening vart skipa i 1914.
I 1915 søkjer Bjølvefossen staten om konsesjon for utbygging av vasskrafta. Konsesjon er datert 3. desember 1915. Anleggsarbeidet kom skikkeleg i gong på nyåret 1916. I august same året arbeidde over tusen anleggsarbeidarar i Ålvik og på fjellet.
7. mars 1916, elleve år etter stiftinga av A/S Fossekompaniet Bjølvefossen, heldt A/S Industriselskapet Bjølvefossen konstituerande generalforsamling. Thorvald Heiberg vart direktør.
Røyrleidningen i røyrgata vart montert haust 1917 og våren 1918. Frå søraustre ende av Bjølsegrøvatnet, 20 meter under høgste vassflata, vart det arbeidd ein 1500 meter langt tunnel gjennom Giljarfjellet fram til fordelingsbassenget. Tunnelen hadde eit tverrsnitt på 5 m2. Røyrleidningen er 1480 meter lange. Ved vassinntaket på fjellet er innvendig diameter 1,25 meter. Godset i røyrene er 10 millimeter. Ved kraftstasjonen er indre diameter redusert til 0,85 meter, og godset i røyrene er auka til 48 millimeter.
Kraftstasjonen gav plass til tre peltonturbinar. Kvar turbin brukte ved full drift 1350 liter vatn pr. sekund, med ei netto fallhøgde på 843 meter. Vasstrålen som gjekk mot skovlane i turbinane, hadde ei tverrflate på ca 10 x 11 cm, og ein fart på 126 meter pr. sekund, ca. 450 km pr. time. Støytkrafta frå vass-stråla på skovlane veksla i dei eldste turbinane mellom 0 og 16 000 kg 375 gonger i minutten. 1000 liter vatn i Bjølsegrøvatnet gav 1,875 kWh elektrisk straum i kraftstasjonen. Eller rekna andre vegen, ser vi at det gjekk med 543 liter vatn for å gi straum til ein panelomn på 1000 watt i ein time.  27. juni 1918 vart det sett vatn på røyrleidningen til kraftstasjonen. 19. september, etter ca. 2,5 års anleggdrift, kjem kraftstasjonen i drift.
Same hausten kan Hordaland Folkeblad fortelja at "Eit par omnar gys røyk or seg, så det luktar lang veg. Når det kjem tri til, og alt vert drive med full kraft, so vil heile grendi koma til å liggja som Kristian Kvart stod, i røyk og damp". Historikaren Martin Byrkjeland legg til at ”ikkje berre rauk det, det small òg. Karbid eksploderer om det kjem i kontakt med vatn. Hausten 1918 var det fleire gonger kraftige eksplosjonar i Ålvik, "så alle rutor sprang og det dirra og skolv i alle husi ikring."” Men marknaden for karbid braut brått saman då verdskrigen var slutt hausten 1918.
Eit halvt år seinare braut også kraftproduksjonen saman. Ein varm vårdag, 20. mai 1919, fem minuttar på halv seks om ettermiddagen, rivnar røyrene i Brattastupet frå kvarandre. 12 røyr vart spylte heilt ut av lage og fleire andre hadde fått skadar. Ei av røyrene hamna 530 meter nedanfor sin opphavlege plass i røyrstrengen, fortel Jon Kildal i Årboka for Kvam Sogelag, ”Bygdajol”. Trallebanen vart totalskadd nedanfor brotet. Om lag 6000 m3 stein- og grusmassar la vatnet etter seg ved kraftstasjonen.
Truleg var det fleire årsaker og samantreff av "uheldige omstende" som utløyste brotet, skriv Jon Kildal; mellom anna konstruksjonsfeil, unøyaktig plassering av fundament og montering og temperaturutviding.
Etter stans i fabrikk og kraftproduksjonen drog dei aller fleste frå Ålvik. "Her er stilt no,” skreiv Hordaland Folkeblad. ”På handelsbuene er det stilt. Det er ikkje å kjenna igjen. Men litt putlar dei då kvar dag - dei fleste. ... Det lydest so at nokon karbidfabrikk vert det nok ikkje, dei må vel over i ein annan brangsje. Men kva det skal verta  - ja veit dei det sjølve?"
Seinhaustes 1920 er det igjen lyse tonar i avisreferata; i det minste så langt det gjeld produksjonen av elektrisk straum. 1. desember skriv Bergens Tidende at ”nu er atter rørledningen i orden, og vandet kan slippes paa.” Men det er ingen fabrikkproduksjon. Krafta vert seld til Bergen Elektricitetsverker.
Inge Rykkje skriv at Arbeiderungdomslaget frå 1918 fekk viktig sosial funksjon:

"SE HER!"
Ungdomslaget arrangerer dans til indtækt for arbeidsløse familieforsørgere i Aalvik i aften, lørdag 24.9. kl. 8.
Entré:  Damer 50 øre. Herrer 1 krone 
Komiteen”


11. mars 1925 sende hovudkontoret i Oslo telegram til kontorsjef  Johs Larssen i Ålvik med beskjed om å "indtage arbeidere for igangsættelse av ferrosiliciumproduktion". Allereie 16. april vart det sett straum på den første karbidomnen som hadde vorte ombygd til produksjon av ferrosilisium. Den andre ombygde omnen vart sett i drift sist i januar 1926.  Det hadde gått 30 år sidan vassrettane vart kjøpte, og 20 år sidan A/S Bjølvefossen vart skipa. Fram til 1925 hadde det stige røyk frå fabrikkpipene berre i 9 månader, med produksjon av kalsiumkarbid frå juli 1918 til april 1919.
I 1929 var det gjennomsnittleg 272 tilsette ved Bjølvefossen.
Hausten 1930 vart Ålvik Musikklag skipa, med tidlegare regimentmusikar Magnus Botnen som første dirigent. Andre dirigentar fram til 1945 var Trygve Storås, Rolf Odd Wold og Torbjørn Lothe.
Ålvik Idrettslag kom i gong sist på 1920-talet. I boka ”Ferrofolket ved fjorden” skriv Inge Rykkje om korleis politiske spenningar i mellomkrigstida splitta også idrettsarbeidet. Ålvik Idrettslag fekk Turnlokalet som sin base. Fagforeningens Idrettslag heldt til på Folkets Hus. I 1939 gjekk dei igjen saman i ÅIL.
Produksjonen av ferrokrom tok til i 1934. Same året gjekk Bjølvefossen for første gong med overskot.
1. mars 1938 legg arbeidarane ned arbeidet i den såkalla ”Bakarstreiken”.  Kort tid etter at Bjølvefossen hadde sagt opp 47 arbeidarar, tok dei inn i arbeid ein personar som hadde mista jobben som bakar ved Samvirkelaget, men som aldri tidlegare hadde vore tilsett ved bedriften. Straks streiken braut ut, slutta den nytilsette. 2. mars var streiken over.
28. mars 1938 ber Aalvik Arbeiderforening om forhandlingar vedkomande ”Hel fridag for alle arbeidere Iste Mai.” Forhandlingane gav ikkje det resultat foreininga ønskte.
1. april 1938 gjer Reidar Flatabø og Bjølvefossen avtale om pakting av Tråna. Garden skal drivast slik at ”der kan skaffes mest mulig melk og jordbruksprodukter til stedet.”
Dei 24 funkishusa på Skjæret, teikna av Nicolai Beer, var ferdige på vårparten 1938. For å kunne setje dei rette fargane på husa på Skjæret, rodde Beer ut på fjorden så han kunne sjå dei nye husa i heilskap og i samspel med husa på Byen. I Kunstnarleiksikon er Beer omtala som ein av dei leiande arkitektane i ”Farvesaken”. 
Kvart hus kosta rundt 9000 kroner. Eigeninnsatsen kom i tillegg. På veigne av huseigarane har Bjølvefossen  branntrygda husa i ”Norden” for kr. 12. 000. Forsikringspremien er kr 9,25 pr. halvår. Bedriften krev renovasjonsavgift på kr 1 pr. månad.
18. mai 1938 skriv Bjølvefossen til husbyggjarane på Skjæret. ”Samtidig tillater vi oss å gjøre opmerksom på at husene nu efter vår opfatning må males hurtigst mulig; maling bør efter vår opfatning gå foran oprydningsarbeide og planleggelse av haver.”
Klokka 1200, 2. juni 1938 går den nye ferja M/F ”Folgefonn” sin første tur frå Ålvik til Kinsarvik med innbedne gjester. Kontorsjef  Johs. Larssen representerer Bjølvefossen.
12. august 1938 ber Kvam Formannskap om å få eit eksemplar av Bjølvefossen sin rekneskap for 1936. Bedriften ”finner ikke nogen grunn til på det nuværende tidspunkt å tilstille Kvam Formannskap vårt trykte regnskap for 1936. Men vilde vi sette pris på å høre hvad Kvam Formannskap skal bruke vårt regnskap til.”
Andre utbygging av kraftanlegget er ferdig i 1938, med ny dam, røyrledning nr 2 og ny maskin i kraftstasjonen.
I 1939, 34 år etter at Bjølvefossen vart skipa, fekk aksjonærane for første gong utbytte på investeringane.
31. mars 1939 går det nytt brev frå Aalvik Arbeiderforening: ”Vi tillater oss herved aa søke om hel fridag for arbeiderne 1 ste Mai i aar.” Bjølvefossen skriv til Elektrokemisk Arbeidsgiverforening (EAF), ”og hører gjerne fra Dem hvad De mener om dette spørsmål.” EAF sender ut ”cirkulære” om fri 1. mai. ”Ved en bedrift foreligger således søknad fra vedkommende arbeiderforening om hel fridag 1. mai.  Vi har i sakens anledning konferert med N.A.F. (Norsk Arbeidsgiverforening) som bestemt motsetter sig, at bedriftene går lenger enn den tidligere praksis, … . Henvendelser fra arbeiderne eller deres organisasjoner i sakens anledning bes omgående innmeldt til vårt kontor.” 14. april 1939 får Aalvik Arbeiderforening svar frå Bjølvefossen: ”Vi beklager imidlertid å måtte meddele Dem at vi ikke kan gi arbeiderne fri i større utstrekning enn vi har gjort tidligere år.”
31. oktober 1939 skriv adm. dir. Thorvald Schram Olsen ved Oslo-kontoret til kontorsjef Johs. Larssen ved Ålvik-kontoret at han har kjøpt og sendt til han ”pr. separat post” ein fyllepenn av typen ”Definitive”. Larssen melder tilbake at dessverre er det noko gale med pennen. 23. november sender Oslo-kontoret ”hoslagt en ny fyllepenn og ber Dem returnere den til oss hvis De ikke skulde være fornøiet med den.” Heller ikkje ved dette høvet gjekk det akkurat som tenkt. 4. desember skriv kontorsjef Johs. Larssen til Oslo-kontoret: ”Jeg takker for den med Deres brev av 23. f.m. innsendte fyllepenn, og tillater mig å meddele at dir. Westly har overtatt denne.”
Krigen har brote ut i Europa. 27. desember 1939 sender Bjølvefossen ei liste til ein kontakt i Brüssel med kodar for kva båtar dei skipar last med.  "Diana"  - "First steamer", "Columba - "Second steamer", "Vela" - "Third steamer", "Latona" - "Fourth steamer". "Ara" - "Fith steamer".
I 1939 var det gjennomsnittleg tilsett 326 arbeidarar og 51 månadsbetalte ved Bjølvefossen
17.  juni 1940 sprengjer motstandsfolk røyrene i Røyrgata.  Allereie 13. juli 1940  var den eine rørleidningen reparert, og kraftstasjonen startar igjen.
26. oktober 1942 vert Fritz Türkheimer,  kontorfunksjonær ved Bjølvefossen, arresterte i Ålvik fordi han er jøde. 26. november vart han sendt til Auschwitz. I månadsskiftet november – desember vert Claire Türkheimer, mor til Fritz Türkheimer, og syster hennar, Clotilde Hanauer, arresterte i Ålvik. I desember vert Fritz Türkheimer drepen i Auschwitz. 2. mars 1943 døyr dei to kvinnene i gasskammer i Auschwitz.
Januar 1943 skriv Bjølvefossens Oslo-kontor og ber om ”gamle sekker, ulltepper eller lignende som kunde anvendes til skurekluter, da vi nu står helt oprådd her.”
19. juni 1943 sender Bjølvefossen eit par gummistøvlar med rutebåten til Norsk Vulkaniseringsverk for å få vulkanisert hol i ”overlæret” og lagt på nye solar og helar. ”Godhetsfullt utfør arbeidet så snart som mulig.”
16. februar 1944 stadfester A/S Nordisk Aluminiumindustri at dei skal lage ein kasserolle på 350 liter, med lokk, til Bjølvefossens suppekjøken.
Oslo-kontoret i brev til Ålvik-kontoret 31. mars  1944:”Vi tør herved anmode Dem om å sende oss en zinkbøtte såfremt en sådan kan skaffes der borte, da vår vaskebøtte på kontoret nå er hullet i bunnen.”
18. august 1944 har Bjølvefossen 424 arbeidarar og funksjonærar.
21. september 1944 skriv kontorsjef Johs. Larssen til Kvam Forsyningsnevnd v/ herr banksjef Jakob H. Wiik:  ”... for tiden er det vanskelig for ikke å si umulig med middagsmat i Ålvik når nu også saltsilden har tatt slutt."
"Til Forsyningsnemnda i Kvam. Vilde skriva til dykk å høyra kor da vert med Poteter. Me eig ikkje ei poteta no. Me har ikkje fått halvdelen tå potetene.  No har me snart ikkje brødkort helde, so de får sjå um de kunne skaffa oss poteter.  Me kan ikkje svelta. Eg har tre ongar som vil ha mat” (Kvinne iÅlvik i brev 1. februar 1945).
Telegram frå Oslo-kontoret  18. desember 1945: "Julegratiale familieforsørgere kr 100,-.  Ungkarer og kvinner kr 75,-.  Ens for arbeidere og funksjonærer.”
November 1946 tilset Aalvik Sanitetsforening den første husmorvikaren i Ålvik.
20. januar 1947 skriv Oslo-kontoret at styret er viljug til å gi idrettslaget eit rente- og avdragsfritt lån på 10 000 kroner til fullføring av idrettsplassen. Det er semje om at plassen må vere så stor at den kan brukast til landskampar i fotball og friidrett.
Adm. direktør Schram Olsen skriv 12. mars 1947 til Ålvik-kontoret og fortel at han ikkje får plass på toget frå Oslo til Voss før om ei veke.
6. mai 1947 melder Bjølvefossen at bedriften vil gi Folkets Hus eit rentefritt lån på 24 000 kroner utan pant i huset, og fri straum i 3 år.
29. mai 1947 reiser Oslo-kontoret ideen om 'arbeidsstudier'”Man må under enhver omstendighet sikre seg samtykke fra arbeidernes representanter i Produksjonsutvalget og sandsynligvis også arbeidernes tillitsmenn, til sådanne studier før man går videre med saken. … Således som forholdene på arbeidsmarkedet har utviklet sig, er det av den største betydning for vår bedrift at det samarbeides i størst mulig utstrekning mellom bedriftsledelsen og arbeidernes valgte tillitsmenn i Produksjonsutvalget, og at man forsøker å vekke interesse for en økning av ydelsene og derved produksjonen til støtte for eksporthandelen. gjenreisningsarbeidet og landets finanser for øvrig."
I. november 1947 skriv bedriftslækjaren, Cato Broch, at ”ved røntgenundersøkelse av en rekke av bedriftens eldre arbeidere ved ovnene og pakkeriet har jeg funnet … mellom 30 og 40 tilfelle av silicose. De aller fleste tilfelller er silicose av lettere grad, begynnerstadium, og 1ste grad.” 13. november skriv Ålvik-kontoret til hovudkontoret i Oslo: ”Hvad de angrepne arbeiderne angår, så får vi forsøke, i samråd med dr. Broch, å plasere dem på de minst utsatte steder. Vi er imidlertid redd for at dette blir vanskelig, da den største tyngde at de vi nå har på dagen er folk som lider av en eller annen sykdom.” 17. mars 1948 skriv Oslo-kontoret at styret er av den opfatning at man med alle midler må forsøke å bekjempe faren for silicoseangrep på våre arbeidere.”
22. juli 1949 ber Bjølvefossen butikkane setje opp papirkorger, for å motverke ”den daglige tilgrising av torvet med papir, fyrstikker etc.”
30. september 1949 meiner Ålvik-kontoret i brev til Oslo-kontoret at ”vi tror det er farlig å røre ved våre losseakkorder, selv om disse ligger uforholdsmessig høyt. Vi tror at selv om det skulle lykkes oss å få disse akkordsatser ned, ville det kun bevirke nedsatt arbeidstempo. Vi har også forstått av de båter som har vært her at arbeidstempoet ved vår kai er bedre enn andre steder  og at arbeidstempoet heller er satt opp enn gått ned etter krigen.”
2. november 1949 kjem stolane til Folkets Hus fram i god stand, 280 sete. Dei er laga av Vang Industri, Longva pr. Ålesund. Direktøren ved Vang Industri skriv 10. november: ”Eg vil tru at Folkets Hus fortonar seg i presentabel stand med stolane innmontert. Frå vår side var det gjort alt for at serien skulde bli so pen og god som råd. Vangane som me plar laga av sperra kryssfiner var reine og frie for alt som kvist heiter og utan feilar. Sjølv med den aller finaste austlandsbjørk, vil det ikkje vere råd å uppnå eit slikt synsintrykk av lytelaus ved som her. Eg vil setje stor pris på å høyre korleis De  er fornøgd.” 14. november kan Bjølvefossen fortelje at Folkets Hus er ”meget fornøyd med stolene.”
Hausten 1951 er adm. direktør Schram Olsen ved Oslo-kontoret uroleg for kraftsituasjonen. Brev til Ålvik-kontoret 12. oktober: ”I likhet med mange ganger tidligere, vil vi atter igjen henstille til Dem å søke å undgå sløsing med lys og kraft både i fabrikken og hos private forbrukere.” Ålvik-kontoret sender ut ”opprop” til straumabonnentane. ”Som det nok er de fleste bekjent er vannsituasjonen på Vestlandet prekær. Dette gjelder også vårt selskap. Slå derfor av alt overflødig lys, la aldri den elektriske komfyr stå på når den ikke brukes. Slå av ovner om natten, det er gunstig både for Dem selv og for selskapet.”
Nytt rundskriv 8. desember 1951: ”Spesielt må De passe på å slå av alt om natten, slukke hver lampe som ikke er helt nødvendig og helst også gatedørslyset hvor det er mulig. Spar straks alt som spares kan!
2. april 1952 stadfester Bjølvefossen kjøp av flygel til Folkets Hus for ”kr 8 000,- fix kontant, under forutsetning av at det medfølger en brukbar kappe til flygelet.” Flygelet var av merket "Brødrene Hals”, vart levert av Jacob Knudsen A/S, Bergen. Det skal vere under tilsyn av Ålvik-kvintetten.
3. oktober 1952 fortel Bjølvefossen at den gjennomsnittlege løna for arbeidarar har stege frå kr 2,72 pr. time i 1946 til kr 4,27 i 1952.
”Bjølvefossen mener nu at det er på tide å få grise- og hønsehusene nedlagt, i hvert fall alle de hus som ligger rundt og i nærheten av vår bebyggelse. … Vi tillater oss derfor å be bygningsrådet underrette disse eiere om at husene må være revet og tomtene ryddiggjort innen utgangen av mars måned 1953." Brev til Aalvik Bygningsråd 5. desember.
Fru Rognes Kafé vart lagt ned i 1952.
18. april 1953 tingar Bjølvefossen  to rutsjebanar til kr 1 065 pr. stykk frå Johs Vestre, Mekanisk Industri, Haugesund. Den eine vart plassert i barnehagen der Ravnestad sitt hus står, og den andre i barnehagen på Skjæret, der Sjurabekken går under hovudvegen.
26. november 1955 sender Oslo-kontoret til Ålvik-kontoret, "per separat post, rekommandert, en tysk bok om blomsterarrangement. ...da boken kan gi ideer til blomsterarrangments i Ålvik."
I februar 1956 vert første ”spadetaket” teke på tomta til Nyekrommen.
17. april 1956 stadfester Bjølvefossen i brev til kommunen at styret har løyvd kr 200 000 til kyrkjebygg i Ålvik, og kr 50 000 til kyrkjesølv. Det er ein føresetnad at Esben Poulsson vert nytta som arkitekt. Bjølvefossen gir ca. 6 da tomt til kyrkja vederlagsfritt. Esben Poulsson rår til at Terje Grøstad målar altertavla i Ålvik kyrkje, for kr. 14.000.
3, desember 1956 oppnemner medlemsmøte i Aalvik Arbeiderforening eit utval som skal arbeide for "et hjem for pensjonerte familier ved bedriften." Medlemer av utvalet var Birger Røtnes, Harald Wollestad og Torvald Aarhus. 24. januar 1957 nemner Ålvik-kontoret i brev til Oslo-kontoret fire pensjonistar som bur i "selskapets hus", 2 kvinner og 2menn.  "Vi hadde i 1953 satt opp en liste over tilgangen av pensjonister til og med 1965. Det dreiet seg den gang totalt om 27, men har vi allerede nu kunnet redusere dette til 19, idet noen er døde og andre har skaffet seg eget hjem."
11. juni 1957 går Ålvik-kontoret inn for at Bjølvefossen melder seg inn i foreningen "Kunst på arbeidsplassen". "Interessen for litteratur er jo usedvanlig stor her på stedet, og vi tror nok at også bildende kunst ville ha sin misjon."
Riksteateret avsluttar sin til då største turnésuksess med å spele ”Anne Franks Dagbok” i Ålvik19. juni 1957.
Juli 1958 vert det sett straum på overføringsline frå Fosse i Bergsdalen. Bjølvefossen har gitt Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap eit lån på 8 millionar kroner til bygging av den 42 km lange lina.
Nyekrommen er driftsklar i oktober 1958. Det er teke ut 12 000 m3 masse, brukt 2500 meter pelar, pela ned til 18 meter djupne. Til omnshallane gjekk det med 12 000 m3 sand og singel, 58 000 sekker sement. To traverskranar på 28 meter med lyfteevne på 35 tonn kvar, var dei første i Europa i sitt slag med aircondition i førarkabinane. Samla investering på 25 millionar kroner. Saman med ny kraftline frå Bergsdalen gjer dette at produksjonskapasiteten for ferrokrom aukar med 50 prosent.
31. oktober 1958 sluttar kontorsjef Johs. Larssen sluttar i Bjølvefossen. Han hadde vore i selskapets teneste sidan 1915.
27. april 1959 rår Ålvik-kontoret styret til å gi økonomisk støtte til Ålvik Musikklag. ”Vi mener det vil være hyggelig for stedet å ha et godt musikkorps. Den nye instruktør laget har fått, er vår regnskapssjef Knut Løken.” 7. juni gir Bjølvefossen kr 7 000 til Musikklaget. Dermed kan det ”bygges ut til 22 manns besetning etter mønster av engelske bedriftsorkestre.”
1. november 1959 er magasinfyllinga er 17, 82 prosent. Bjølvefossen varslar nattutkopling frå 8. november mellom kl. 23.30 og 04.30. Natt til sundag vil straumen vere borte mellom kl. 00.30 og 04.30. Selskapet informerer Industridepartementet om at bedriften så langt har sagt opp 60 mann på grunn av kraftmangel og har gjeve permisjonsvarsel for nye 60 mann.
4. januar 1960 sender Bjølvefossen ønske om meny i høve jubileumsfest på Sandven Hotell 23. januar:

  • ”Skalldyrsalat, Rihn Rüdesheimer, tørr, 2 glass.
  • Røket svinekam m/grønnsaker, Margaux Chat. De Laroze 1949, 2 glass
  • Iskake m/sjokoladesaus, Sherry Amontillado, tørr, After dinner Port., 2 glass
  • Kaffe og bløtkake, cognac ***, kloster likør, 1 glass.
  • Upper Ten – soda, Golden Cock & Tonic, 2 glass. ---

Vi ber Dem sørge for at bordene blir pent pyntet med litt blomster og lys. Vi ber også om å få reservert noen værelser i 2. etasje som garderoberom for damene.”
Magasinfylling 1. april 1960: 0,0 prosent.
12. juli 1960 har direktør Hagerup-Jenssen møte med statsråd Helge Sivertsen og byråsjef Skadsem for å drøfte spørsmålet om etablering av privat realskole i Ålvik. 24. august går det brev frå Bjølvefossen til "Skoleinspektør J. L. Selsvik, Norheimsund. Til Deres orientering vil vi gjerne få meddele at A/S Bjølvefossen kommer til å starte en 2-årig, 2-fags realskole. Vi har allerede fått de nødvendige lærere og tillatelse fra Kirke- og undervisningsdepartementet til å begynne undervisningen. Skolen begynner mandag 29. ds."
20. juli 1960 informerer Bjølvefossen pr. telegram Tennants i London om at Oslo-kontoret akkurat har fått installert telex. Dei er i stand til å ta imot meldingar over telex, men på grunn av manglande trening i å operere maskinen, kan dei førebels ikkje svare over telex. Tennant takkar for informasjonen: "Vi reknar med at du vil late oss få vite det når du er i stand til å sende svar til oss ved hjelp av dette kommunikasjonssystemet."
Aalvik Arbeiderforening vil få i stand ein sundagstur til Røldal for "alle pensjonister, enker og gamle fra Ålvik". Frukost i Lofthus, middag på Breifonn. Arrangementet vil koste 1 300 kroner. 27. juni 1962 søkjer foreininga "A/S Bjølvefossen v/ hr. direktør H. Hagerup Jenssen" om støtte. Dagen etter svarar Jensen ”vedr. søndagstur for pensjonistene inkl. de gamle fra Ålvik. Vi finner dette tiltak aldeles udmerket, og har herved fornøyelsen å bevilge kr 500,- til turen."
7. juli 1962 skriv Bjølvefossen til Norges Industriforbund om kor dårleg det står til med "rikstelefonnettet". Det kan vere ei ventetid på opp til 2-3 timar endå på il-samtalar. Fordi det har vist seg å vere lettare å få ein samtale frå Vestlandet til Oslo enn omvendt, har det hendt at Oslo-kontoret pr. telex ber Ålvik-kontoret ryngje Oslo-kontoret. Kontorsjefen ved Oslo-kontoret har ikkje telefon. Han har no flytta til Høvik, "men hans andragende om telefon er også der blitt avslått, og på bakgrunn av de uttalelser som foreligger later det ikke til at han på mange år ennu kan gjøre seg håp om å få telefon."
1. januar 1964 er det 484 tilsette ved A/S Bjølvefossen.
Kvintetten, Drillkorpset, Fjellklang, Ålvik Musikklag og Ålvik skulemusikkorps takkar 20. januar 1966 Bjølvefossen for kr 12 000 i støtte for det året.
Nyekrommen vert i 1966 supplert med ein fjerde omn.
1. januar 1967 har Bjølvefossen 523 tilsette
19. februar 1968 tingar Bjølvefossen frå Drosjebilsentralen i Bergen ein ”førsteklasses turbuss i tiden 24/5 – 28/5. I løpet av disse dager vil bussen kjøre Bergen – Norheimsund – Ulvik – Norheimsund – Stalheim – Norheimsund - Bergen. Vi håper De kan skaffe oss en riktig god buss og en like grei sjåfør som den De skaffet oss til vårt forrige kundebesøk i 1959.”
Oktober 1968 sluttar Knut Løken ved Bjølvefossen.
24. mars 1969 søkjer Hordland Vegkontor om å få plassere asfaltverk på Slaggtippen, og om å få bruke Kåskjærkaien, for asfaltering av vegen Ålvik – Berge. Dagen etter svarar Hagerup-Jenssen at Bjølvefossen så langt det let seg gjere, vil vere positiv til vegvesenet sin søknad om å få setje opp asfaltverk på Slaggtippen. Men bedriften vil ”ikke unnlate å minne om vårt brev til Dem av 22. juli 1968 vedr. skilting og oppmerking av fotgjengeroverganger på Torget i Ålvik. Også dette brev står fremdeles ubesvart tilsynelatende uten at noe er gjort i sakens anledning. Vi vil derfor, før vi tar standpunkt til spørsmålet om plassering av asfaltverket, utbe oss Deres svar på de spørsmål vi har nevnt ovenfor.”
15. april 1970 ber forhandlingsutvalet til Arbeiderforeininga om eit timetillegg på 1 krone for 3-4 mann som handknuser kolstoffkrom. ”Det er noe som er feil her, når disse folka som står med håndknusing med tunge slegger av dette seige metallet skal stå der med den laveste betaling på hele bedriften, kr 9,47. … Kravet er av de mest rimelige og rettferdige, og vi ber om at bedriften imøtekommer deres krav.”
9. juni 1970 ber Ålvik Arbeiderforening kommunen arbeide for å få tannlækjar til Ålvik. ”Som det vel er kjent er Ålvik no ribba for alt som heiter nært samkvem med kommunale instansar, for telefon, for lækjar og tannlækjar, ja. til og med utan skomakar er vi no.”
Frå januar 1971 betaler Bjølvefossen løn over bank for alle som er tilsette i meir enn tre månader.
1. august 1971skriv Ivar Gangdal ved Ålvik-kontoret til Oslo-kontoret om Folkets Hus sine driftsvanskar. ” Stenge huset er etter vårt skjønn meget uheldig da stedet Ålvik i så fall vil stå uten et ordentlig forsamlingslokale. Folkets Hus i Ålvik er nemlig ikke bare et forsamlingshus for fagforeningens medlemmer. Årsakene til de vanskelige økonomiske driftsforhold er mange.  Kinoen ble utklasset av fjernsynet, dansearrangementer gir underskudd p.g.a. kolossale utgifter til musikk – om man kan kalle det det - og uten ”kjendiser”, ingen tilslutning. Det er opp til A/S Bjølvefossen’s ledelse å avgjøre Folkets Hus’ videre skjebne; men som tidligere nevnt er det vår oppfatning at det vil være et direkte tap for stedet om Folkets Hus må stenge, samtidig som befolkningen er meget ømtålelige for slikt som de oppfatter som tilbakegang for Ålvik.           ”
Skigruppa i Ålvik Idrettslag melder 2. november 1971 til Bjølvefossen at Jon Kildahl har vunne Bjølvefosspokalen i langrenn til odel og eige. Pokalen vart sett opp i 1935. Bjølvefossen løyver 500 kroner til nye pokalar for skigruppa i Idrettslaget.
1. januar 1972 var det 550 tilsette ved Bjølvefossen.
I 1972 tok  kvinner til å gjere reinhald inne på bedriften.
6. februar 1972 presenterer Aalvik Arbeiderforening for Bjølvefossen forslag til kursopplegg om arbeidsmiljø.  20. mars kjem Arbeiderforeninga med framlegg om at Bjølvefossen oppnemner sitt eige Miljøvernutval.
Oktober 1972 vert ordninga med fast vakt på Toppen avvikla.
25. oktober 1972 går Ålvik Arbeiderforening inn for å utvide persontrafikken med Trallo. ”Det er helt nødvendig å ha åpent et slikt tilbud til de ansatte pga. de helsemessige forhold som er tilstede ved bedriften. Et slikt tilbud vil motvirke påvirkningene av forurensningene på arbeidsplassene, og de miljøuvennlige forhold som finnes utenfor fabrikkportene med årsak i samme forhold.” Dei fylgjer opp saka i oktober 1973. Fagforeininga viser til lovnader frå leiinga, uttrykt i bedriftsutvalet, om at ”bedriftens ansvar for trivselen på arbeidsplassen ikke begrenset seg til området innenfor porten, men også til det lokalsamfunnet vi har i Ålvik. Enhver innsnevring av den servise som har vært ytt, er med å bygge ned dette lokalsamfunnet ytterligere. Fjellet og trallekjøringa er en del av dette.”
1. januar 1974 har Bjølvefossen 560 tilsette. 7. januar orienterer viseadministrerande direktør Tor Grong på medlemsmøte i Aalvik Arbeiderforening om framtidig struktur ved Bjølvefossen, ”som bl.a. vilde innebære en betydelig reduksjon av arbeidsplassene i Ålvik.”
29. mars 1974 melder Bjølvefossen at bedriften ikkje ser seg i stand til å ta på seg arbeidet med å ”sprøyte frukttrær for pensjonister, enker og uføre.” Det ville gjelde 32 hagar. Men bedriften stiller sprøyte og kjemikalier vederlagsfritt til disposisjon for hageeigarar i Ålvik.
29. oktober 1974 inviterer Hjørring i Danmark Bjølvefossen til å etablere ein filial i byen. Vi vil ”meget gerne se Dem på et besøg i byen. Vi kan sende et privat turbo-jet fly til Hardanger, hvorved De vil kunne gøre rejsen på én dag.”
14. mai 1975 sluttar Henrik Hagerup-Jenssen som administrerande direktør, og går over til å vere styreformann på heil tid.  Direktør O. Wesmann trekkjer seg etter 13 år som styreformann. Tor Grong tek til som administrerande direktør.
Det vert oppretta Arbeidsmiljøutval ved Bjølvefossen i juni 1977.
I august 1977 set Bjølvefossen, som første selskap av sitt slag i verda, i drift eit anlegg for energigjenvinning. Ein rekna med at fullt utbygd ville anlegget gjenvinne frå 60 til 80 millionar kilowattimar (GWh). Forventningane i så måte slår ikkje heilt til. I 1983 vart det produsert varmekraft i eige energigjenvinningsanlegg på 36 GWh. Frå BKK vart det same året kjøpt netto 9 GWh.
Ålvik Arbeiderforening, Arbeidslederforeningen, og NITO, avdeling Ålvik, har møte med Kvam Formannskap 14. september 1977, og ber kommunen om hjelp og støtte i arbeidet med å halde liv i lokalsamfunnet Ålvik. 4. oktober set Kvam formannskap ned eit utval som skal arbeide for å halde oppe talet på arbeidsplasser i Ålvik.
Skyttarlaget fortel i brev til Bjølvefossen at 1977 har vore det beste året i laget si soge. Med Per H. Aalvik fekk laget sin første skyttarkonge. 65 aktive medlemer løyste ca. 42 000 skot. Laget søkjer driftstilskot for 1978. 5. desember avslår styret for Bjølvefossen søknaden frå Skyttarlaget. ”Med bakgrunn i bedriftens vanskelige situasjon fant styret å måtte avslå alle bidrag for kommende år til lag og foreninger i Ålvik.”
Det eldste kromanlegget vert lagt ned i 1977.
18. oktober 1978 løyser Sosialdepartementet Bjølvefossen frå selskapet si plikt etter konsesjonsvilkåra av 1915 til å halde ei sjukestove.
9. januar 1979 skriv Norges Handels- og Sjøfartstidende  at av alle børsnoterte selskap steig Bjølvefossen sine aksjar mest i 1978, med 68,8 prosent.
9. mai 1979 sluttar Henrik Hagerup-Jenssen etter 45 års teneste ved Bjølvefossen.
Bergens Tidende fortel 10. mai 1979 at med ei investering på 10 millionar kroner skulle alt vere klart for lasting av vatn i Ålvik for transport med supertankarar til Kuwait.
I februar 1980 kjøper A/S Hafslund Tenant sine 488 000 aksjar i Bjølvefossen, 27 prosent av aksjekapitalen. Hafslund vert største aksjonær.
26. februar 1980 skriv Hordaland Folkeblad at ”A/S Bjølvefossen og oljeselskapet BP Norge A/S skal samarbeida om ål-oppaling for millionar kroner i Ålvik. Det er det varme kjølevatnet frå smelteverket som skal nyttast. Prosjektet vil gje 8-10 arbeidsplasser.” I juni 1981 heiter det at oppdrettsanlegget for ål viser seg å verte 2 til 3 gonger så dyrt som tidlegare overslag har vist. Marknadsprisane for ål stagnerer. Oppdrettsanlegget i Ålvik ser ikkje ut til å kunne løne seg. I oktober vert første parti på 2,5 tonn ål sendt frå Ålvik til Holland
1. august 1981 tok Jon Kildahl over som administrerande direktør.
23. november 1982 skreiv Aftenposten at ”hele staben ved A/S Bjølvefossen …, i alt 420 personer, må over på redusert arbeidstid fra 15. januar og frem til påske på grunn av alvorlig svikt i efterspørselen efter ferroprodukter.”
Produksjonen av krom vart avvikla i 1983.
Årsmeldinga for 1985 fortel at bedriften er ”fullrensa”.
10. juli 1986 ber ti huseigarar i Vikedal Bjølvefossen gjere ein del av leikeplassen om til parkeringsplass. ”Vi mener at det ikke er behov for lekeplass nu, da det bare bor pensjonister her, og når vi får besøk av våre barn og barnebarn så er der ingen steder hvor bilene kan plasseres.”
9 juli 1987 er Elkem a/s sin totale aksjepost i Bjølvefossen på 1 181 786 aksjar. År 2000 kjøper Elkem resterande aksjar, og tek A/S Bjølvefossen av børs.

 

Wallcon © 13-Feb-2012

logo

Webcam Ålvik

post@aalvik.info