Milepelar frå Ålvik sin industri historie.

År Hending

1894

Tinglyst kontrakt med grunneigarar i Ytre Ålvik, retten til å kjøpa vassrettar.

1899

Sal av vassrettar til Fredrik Louis Hjort.

1905

Fossekompaniet A/B Bjølvefossen vert skipa.

1907

Anleggsarbeid på fjellet startar i det små.

1914

Ålvik Arbeiderforening vert skipa.

1915

Bjølvefossen søkjer staten og får løyve til konsesjon for utbygging av vasskrafta.

1916

Anleggsarbeidet på fjellet aukar i omfang. Over 1000 mann i arbeid på fjellet, på fabrikkområdet og med byanlegget.
A/S Industriselskapet Bjølvefossen vert stifta med direktør Torvald Heiberg.

1918

Rør nr. 1 i røyrgata vert montert og 19 september vert kraftstasjonen satt i drift.
Produksjon av karbid startar på smelteverket men vart stansa tidleg i 1919.

1919

Havari i røyrgata (Rivnar). Stans av karbid produksjon.
Birger Berg-Hansen vert ny direktør ved Bjølvefossen.

1920

Røyrgata og trallebane er reparert og krafta vert selt til Bergen Elektricitetsverker.

1925

Oppstart av smelteverket igjen med produksjon av ferrosilisium i ein ombygd karbid-omn.

1927 Thorvald Schram Olsen tek over som sjef ved Bjølvefossen. (Tittel adm. dir frå 1934)

1929

Det var i snitt 271 tilsette ved Bjølvefossen. Ålvik Idrettslag vert stifta.

1930

Ålvik Musikklag vert stifta med Magnus Botnen som fyrste dirigent.

1937

Ålvik får vegforbindelse.

1938

Ny dam, rørleidning nr. 2 og ny maskin i kraftstasjonen er klar.
24 funkishus på Skjæret er ferdige.

1939

Produksjon av Ferrokrom startar.

1939

Det er i snitt 326 tilsette ved Bjølvefossen. 2 verdskrig har starta i Europa.

1940

Sabotasjeaksjon mot røyrgata, produksjonstans nokre få veker.

1944

I snitt er det 424 tilsette ved Bjølvefossen.

1946

Gjennomsnittleg løn for arbeidarar er kr 2,72

1947

Folket Hus vert bygd. Idrettsplassen vert fullført.

1948

Auka fokus og innsats for å stansa sjukdomen silicose som råkar mange eldre tilsette.

1949

Nye stolar til Folkets Hus kjem på plass.

1951

Kraftsituasjonen er vanskeleg. Må spare straum.

1952

Bjølvefossen kjøper flygel til Folkets Hus.
Gjennomsnittleg løn for arbeidarar er kr 4,27
Fru Rognes Kafe vert lagt ned

1953

Innkjøp og montering av 2 rutsjebanar ved Villabyen og på Skjæret.

1956

Fyrste spadetak på tomta til Nyekrommen.
Bjølvefossen løyver kr 200.000,- og 6 da tomt til kyrkjebygg  i Ålvik med, arkitekt Esben Poulsson.

1957

Bjølvefossen melder seg inn i foreininga ”Kunst på arbeidsplassen”
Riksteateret avsluttar sin turnesuksess i Ålvik med stykket ”Anne Franks Dagbok”

1958

De vert sett straum på den nye 42 km lange overføringslina til/frå Ålvik.
Nye krommen er driftsklar. (Samla investering kr 25 millionar) 50% produksjonsauke av Ferrokrom.
Songtribune på Storhaug vert bygd.

1959

Henrik Hagerup-Jensen tek over som adm. dir ved Bjølvefossen.
Ålvik Musikklag og Ålvik Skulemusikkorps får ny dirigent. Knut Løken.
Kraftsituasjonen er vanskeleg og Bjølvefossen må sei opp 60 mann. Nattutkobling.

1960

Etablering av privat 2-årig, 2 fags realskule i Ålvik.
Bjølvefossen får installert telex.

1964

Det er i snitt 484 tilsette ved A/S Bjølvefossen.

1966

Montering av ein omn til på Nye Krommen.

1967

Det er i snitt 523 tilsette ved Bjølvefossen.

1968

Knut Løken sluttar ved Bjølvefossen.

1970

Ålvik Arbeiderforening ber kommunen om å få tannlege i Ålvik.

1971

Bjølvefossen utbetalar no løn over bank.

1972

I januar er 550 tilsette ved Bjølvefossen.
Kvinner tok til å ha reinhald inne på bedriften.
Ålvik Arbeiderforening  kjem med framlegg til Bjølvefossen om å oppnemne sit eige miljøvernutval.
Ordninga med fast vakt på Toppen vert avvikla.
Ålvik Arbeiderforening går inn for å auke trafikken med ”Trallo” slik at fleire kan komme seg til fjells.

1974

I januar er det 560 tilsette ved Bjølvefossen.
Informasjon til  Ålvik Arbeiderforening om framtidig strukturendring og betydelig reduksjon av arbeidsplassar i Ålvik.

1975

Tor Grong tek over som adm. dir ved Bjølvefossen.

1977

De vert oppretta Arbeidsmiljøutval ved Bjølvefossen.
Som første selskap i sitt slag i verda set Bjølvefossen i drift anlegg for energigjenvinning.
Ålvik Skyttarlag har eit flott år med 65 aktive medlemer og 42.000 løyste skot. Per H. Aalvik vert skyttarkonge.
Den eldste delen av krommen vert lagt ned.

1978

Sosialdepartementet avviklar Bjølvefossen si plikt frå konsesjonsvilkåra av 1915 om å halde sjukestove.
Bjølvefossen sine aksjar steig i verdi med 68,8 prosent.

1980

Tenant sel seg ut av Bjølvefossen med sine 27 prosent til A/S Hafslund. Dei vert den største aksjonæren.

1881

Jon Kildahl tek over som adm. dir ved Bjølvefossen.
420 tilsette ved Bjølvefossen må over på redusert arbeidstid pga. svikt i etterspørsel av ferroprodukter.

1983

Produksjonen av ferrokrom vert avvikla.

1987

Elkem A/S kjøper 70% av aksjane til Bjølvefossen.
Arne C. Thuestad tek over som adm. dir ved Elkem Bjølvefossen.

1993 Odd Husmo tek over som ad.m dir ved Elkem Bjølvefossen.
1997 Helgi Thorhallson tek over som adm. dir ved Elkem Bjølvefossen
2000 Elkem A/S kjøper resten av aksjane i bedrifta og tek Bjølvefossen av børs.
Fredrik Henrik Behrens tek over som adm. dir ved Elkem Bjølvefossen.
2007 Frode Nummedal tek over som adm. dir ved Elkem Bjølvefossen.

2011

Lars Arne Stalheim tek over som adm. dir ved Elkem Bjølvefossen

Wallcon © 13-Feb-2012

logo

Webcam Ålvik

post@aalvik.info