Ålvik FerieheimNylendo

Historie

Ålvik Ferieheim er ein samanslåing av Ålvik Arbeiderforenings Feriehjem og Bjølvefossen Funksjonærforenings ferieheim. Desse to foreiningane vart stifta i 1952, og med stor økonomisk støtte frå Bjølvefossen AS etablerte dei fleire hytteområde for bedrifta sine tilsette.
I 2007 fusjonerte desse foreiningane og er i dag Ålvik Ferieheim (ÅF).

Formål med laget

Utleige av hytter med tilgang til sjø og fjell hovudsaklig for medlemer i ÅF. Dersom hytter ikkje er nytta av medlemer i ÅF kan andre også leige hytter.

Medlemskap

Alle som bur i Ålvik eller er tilsett ved Elkem Bjølvefossen AS og pensjonistar som tidlegare var tilsett ved bedrifta, kan søkje medlemskap i Ålvik Ferieheim.
I 2010 er det kring 160 medlemer og som medlem får ein tilgang til alle Ålvik Ferieheim sine hytter samt stemme- og talerett på årsmøte til foreininga. Medlemskap pr. år kr 200,-
Ta kontakt med formann i Ålvik Ferieheim for medlemskap og evt. meir info.

Hytte områder

Eikedalen (Kvamskogen)
8 hytter med variabel standard i nærleiken til Eikedalen skitrekk. Kvar hytte har liggjeplass til 4 personar. Hyttene har innlagt strøm (nokre hytter er fråkopla pga. standard).
Fagervik (Tørvikbygd)
4 hytter med innlagt strøm og felles sanitæranlegg. Kvar hytte har liggjeplass til 4 personar. Hyttene er i nærheiten til sjøen og 2 båtar er til disposisjon. Eigen fjøre og flott fellesareal.
Grønlia (Voss)
2 hytter ved Bulko. Strøm frå solcellepanel, ikkje innlagt vatten. Ei hytte har liggeplass til 6 og den andre (Bispen) 4 plassar. Hytter ligger rett ved Grønlivatnet og ein har tilgang til båt/ fiske moglegheiter.

Utleigepris

For medlemer i Ålvik Ferieheim 200,-/ døgn
For ikkje medlemer i Ålvik Ferieheim 300,-/ døgn

Utleigerutinar

Oversikt på ledige hytter samt bestilling av plass vert koordinert frå portvakten ved Elkem Bjølvefossen AS (Telefon 56 55 08 00) , kvardagar mellom 07.00 -15.00. Her hentar og leverar ein nøkklar til hyttene.

Aktivitet

Forutan årleg medlemsmøte i Ålvik Ferieheim er det lagt opp til noko dugnad i løpet av sesongen.

Kontakt

Ålvik Ferieheim
v/ Øystein Gangdal
Trånavegen 1
5614 ÅLVIK

e-post: oyga@kmoas.no

 

Wallcon © 31-Aug-2012

Webcam Ålvik

post@aalvik.info