ÅlvikRock

ÅlvikRockHistorie

Grunnleggarane til dette fantastiske tiltaket starta med at herrane Einar Skjervheim og Pål Werner Larsen tilbake i 2001 ville ha eit påfunn til å ha ei gjenforeining med gamlebandet sitt Luzelle, og samle andre band og venner for ein hyggekveld med god musikk og fest. Dei er begge utflytta Ålvikarar, men ville at det skulle bli arrangert her. Det vart då kalla OktoberRock.
ÅlvikRock vart stifta i 2006. Det er eit lag som vil vidareføre denne arva som til no har vore arrangert på privat og frivillig interesse, av lokale eldsjeler som har ønska å skapa noko i bygda samt å få fram eit alternativt tilbod til folket her i Ålvik, Hardanger.
Dette for å bli enda betre på det vi gjer, og for å fremje rocken og kulturen rundt det. Vi ser på dette tilbodet som noko unikt her i Hardanger. Moglegheiter for å arrangere konsertar og festivalar andre tider på året er også vårt framtidige mål.

Formål

Arrangere konsert/festival i Kvam innan sjangeren rock med årleg hovudkonsert i Ålvik. Invitera  lokale band frå Ålvik/Kvam/Hardanger slik at gamle velkjente band og nye lokale artistar/band får sjanse til å visa seg fram, samtidig så vel som meir profilerte artistar/band utanfrå vert invitert.

Tilgang til

Ålvik Rock leiger lokale på Messen, Ålvik, som lager for utstyr knytt til gjennomføring av arrangementa samt møtelokale for styre og årsmøte.
Årleg hovudkonsert vert arrangert på Folkets Hus, Ålvik.

Årlege aktivitetar

Laget er medlem av

Norsk Rock Forbund.
BRAK ( Bergen Rock Aktørar )

Laget har samarbeid med:

Arild Kåreid (lyd) og lys.
Wallcon Lydsudio (opptak)
Øvreviken Pub

Heimeside

www.alvikrock.no/

Wallcon © 13-Feb-2012

logo

Webcam Ålvik

post@aalvik.info