Ålvik Røde Kors Hjelpekorps

 

Ålvik Røde Kors Hjelpekorps (ÅRKH) vart stifta 11 mai 1962. Laget starta som ei tradisjonell fjellrednings teneste. På midten av 1990 talet endra ÅRKH litt profil og er i dag meir tilrettelagt for sjø- og strand redningsteneste. Besøkstenesta er også ein aktivitet som er svært viktig for trivsel til mange i Ålvik.
Total er det ca 60 medlemer i ÅRKH og Besøkstenesta.

Fjellredningsteneste

ÅRKH er knytte til Røde Kors Hordaland og er ein del av område 6 (Ålvik, Øystese, Norheimsund, Samnanger, Tysnes). Ved behov hjelpers desse laga til i redningsaksjonar.

Sjø- og strand redningsteneste

ÅRKH har heile indre Hardanger som operasjonsområde. Frå Tysnes til Odda.

Besøksteneste

Mange i dagens samfunn er einsame. De manglar noen å dele gleder og sorger med og føler seg ofte isolert. Røde Kors Besøksteneste organiserer besøk til menneske som ynskjer støtte og oppmuntring i kvardagen. Besøkstenesta har i dag ca 30 medlem.

Ålvikvegen 1041

Det som tidlegare var Joke butikk i Ålvik er no base for ÅRKH som videre leiger ut til kafe-lokale (Foreningen Torget Ålvik BA, Trimrom (Ålvik Idrettslag) og Vibe reingjeringsservice.

Medlemskap

For å verta medlem i laget må ein være 16 år men kan starte opplæring/ kursing tidlegare. Kontakt nokre i styret viss ein ynskjer å være medlem. ÅRKH har eit godt miljø og driv kontinuerlig fyrstehjelps kurs.

Både Hjelpekorpset og Besøkstenesta ynskjer nye medlem velkomen !!

Wallcon © 13-Feb-2012

logo

Webcam Ålvik

post@aalvik.info