Ålvik Sanitetslag

Logo

Historie

Ålvik Sanitetslag (ÅSL) vart stifta februar 1930. På den tida var ikkje det offentlege helsetilbodet slik det er i dag og har vert ein viktig leverandør av helse og omsorgstenester. ÅSL starta den fyrste barnehagen i Ålvik hausten 1971, seinare overtok Kvam Herad som driv den i dag.

Formål

ÅSL sitt fokus ligg på førebyggjande helsearbeid både psykisk og fysisk helse. Forutan økonomisk å støtta ein del nasjonale føremål går det meste av innsamla midlar til lokale tiltak for auka trivsel. (Leikeutstyr barnehage, Skuleplassen, 17 mai komité, Folkets Hus, samt arrangement som laget har.)

Medlemskap

I dag har laget ca 90 medlemar i laget.
Medlemskap gjev tale og stemmerett på møter og medlemsbladet ”Fredrikke”.
Medlem i ÅSL som er pensjonist får 1 gratis fotpleie og 1 gratis hårpleie pr. år av laget.
Årleg tilbod om felles tur til Den Nasjonale Scene i Bergen (Teater).
Hyggekveld for medlemar (Avslutning før sommaren)

Eigar av/ tilgang til

I dag leiger ÅSL møtelokale ved Ålvik Pensjonistheim.
Tidlegare hadde laget ei omfattande utleige aktivitet av utstyr, i dag omfattar dette:
Dåpskjolar
Dukar

Aktivitet

Laget har gjennom året medlemsmøte fyrste onsdagen i kvar månad.

Årleg aktivitet

Sanitetsbasaren (siste helga i oktober) Innhenting/ produksjon av gevinstar, loddsal mm.
Adventsmøte i samarbeid med Ålvik Kvinne og Familielag (byrjinga av desember)
Skulefrukost for born på Ålvik Skule og Ålvik Barnehage (om hausten)
Produksjon og sal av fastelavnsris.

Medlem av

Norske Kvinners Sanitetsforeining
Ålvik Folkeakademi

Wallcon © 13-Feb-2012

logo

Webcam Ålvik

post@aalvik.info