Kor i Alle Dagar

korialledagar01

Historie

Damekoret vart stifta  hausten 2001, den gong som eit kyrkjekor, det var soknerådet som fekk det i gang med Leif Tillung som dirigent. Koret er i dag eit frittståande kor med dirigent-tjeneste kjøpt gjennom kulturskulen, dirigent og musikalsk leiar er i dag Olav Skeie Lid, eit samarbeid som fungerer svært godt. Medlemsmassen er spreidd frå heile Kvam, Tørvikbygd, Norheimsund, Øystese, Fykse og Ålvik. I 2010 spela koret inn sin fyrste cd, denne er  å få kjøpa  på Coop Marked Ålvik og hjå Min Blom i Øystese.

Formål med laget

For damer i alle aldre, syngja og ha eit fint fellesskap saman. Repertoaret er svært variert, visesong, musikals, salmesong, pop, ja stort sett det meste..

Medlemskap

I dag er det ca 26 aktive medlemer i koret, og er du glad i å syngja og ynskjer heilhjarta å væra med så er du hjartans velkomen!
Vilkår for medlemskap er at du prioriterer høgt å koma på øving så sant du kan
Medlemskap kostar kr 400,- pr halvår.

Laget er eigar av/ har tilgang til

Laget øver på Folkets Hus i Ålvik der dei har god plass og tilgang til eit flygel.

Aktivitetar

Koret har øving (sesong 2010/2011) kvar Onsdag kl. 19.30- 21.30 på Folkets Hus.
Dirigent og musikalsk leiar: Olav Skeie Lid

Årlege aktivitetar

 

Wallcon © 13-Feb-2012

logo

Webcam Ålvik

post@aalvik.info