Ålvik Kvinne og FamilielagLogo

Historie

Laget vart stifta 19.april 1948. Laget er medlem av Noregs kvinne og familieforbund, (tidlegare Noregs Husmorforbund).

Formål med laget

Sentralt jobbar forbundsledelsen under denne visjonen: Anerkjennelse av kvinners ulike valg gjennom livsfaser, verdsetting av familien som bærebjelke i utviklingen av et godt samfunn.
Sentrale områder det vert jobba mot er:
Kvinnepolitikk td:  utdanning, arbeidsforhold, økonomi, folketrygd og pensjonsrettigheter, kvinners helse, graviditet og fødeforhold og vold mot kvinner
Familiepolitikk td: fødselspenger/permisjoner, omsorgspoeng, aleneforeldre, kontaktstøtte, omsorg for barn under skulealder, barnehager/parker, ungdom, utdanning, husmorvikar, omsorg for eldre og forebyggende helsetiltak.
Miljø- og forbrukerpolitikk td: matvaresikkerhet, økologisk mat, ernæringsspørsmål i heim og skule, born og massemedia, sal og reklame retta mot born, ressurs og miljø.
Internasjonalt samarbeid

Lokalt her i Ålvik er laget ein sosial møteplass for kvinner. Me har diverse aktivitetar for medlemmene gjennom året.

Medlemsskap

Laget har i dag ca 30 medlemmer. Desse medlemmene betaler ca kr 400 i medlemspengar, dette går til Norges kvinne og familieforbund.
Når ein er medlem i laget får ein tilgang til å nytta lokalene me leiger på messen, får tilbod om å vera med på aktivitetane laget arrangerer, og litt lågare kursavgift på kurs som laget arrangerer.
I lokalene me leiger på Messen har me mykje utstyr som kan nyttast til ulike hobbyaktivitetar. Dette disponerer medlemmene i laget.

Aktivitetar

For medlemmer arrangerer me årleg ca 10 møter, på møtene har me ulike tema/kurs. Noko av det me har hatt er blomsterdekorasjon, sying, strikking, tapas, inspirasjonskveld, bokkveld, smørbrødkurs, glassmykker ol Medlemmene er med å bestemma kva som skal vera tema på møtene. I tilegg pleier me arrangera ein tur om våren, eit julemøte saman med Saniteten, og ein hyggjekveld på Messen.
Me har og ulike kurs gjennom året, og eit julamøte i samarbeid med saniteten.

Arbeidsstove

Kvar haust arrangerer laget arbeidsstove for borna i Ålvik, dette pleier vera svært populært. Dei siste åra har 40 – 50 born i alderen 8 – 16 år delteke. Arbeidsstova har eige styre og er i tilegg medlem av Håndtverkstedet for barn og unge.

Medlem av

Norges Kvinne- og Familieforbund

 

Wallcon © 13-Feb-2012

logo

Webcam Ålvik

post@aalvik.info