Elkem Bjølvefossen AS

Elkem flagg

Historie

Aktieselskapet Bjølvefossen vart stifta i 1905 for å utnytte og utvikle vasskrafta som vart henta ut her. Sidan 1928 har bedrifta produsert ferrolegeringar for eksport til den internasjonale stål- og støyperiindustrien.
Det har opp gjennom åra vore varierande eigarstruktur, sidan 1986 har Elkem AS hatt aksjemajoriteten og frå 2000, 100% av aksjane.

Aktivitet

I dag er det 120 tilsette.
Smelteverket består av 4 elektriske reduksjonsomnar, kvar med kapasitet på 24, 17, 13, 10 Megawatt (MW) samt induksjonsomn, raffinering- og utstøypingsanlegg, knuse- sikte- og pakkeanlegg.
Elkem Bjølvefossen AS brukar ca 0,6 TWh i året. Til samanlikning er Noregs totale forbruk av kraft ca 120 TWh/år. (2009)
Smelteverket har omnar med relativt moderat storleik og dette gjer bedrifta fleksibel til å produsera det som er kunden sitt behov.
Elkem Bjølvefossen AS er eit av få smelteverk i Noreg som har energiattvinning. Gjennom varmeveksel, turbin og generator vert det i snitt 50 GWh (strømforbruk til vel 2600 husstandar).
Årleg går ca. 150 000 tonn råstoff over kai og ca. 60 000 tonn ferdigvare med båt og trailer transport.

Produkt

Ferrolegeringar
Elkem Bjølvefossen AS produserer Ferrolegeringar i ulike kvalitetar og fraksjonar og leverer både i bulk og pakka (big-bag / container) produkt.

FeSi er ei legering av jern og silisium og vert laga med utgangspunkt i kvarts (SiO2), glødeskall (Fe2O3), kol og koks (C). Karbonet i kolet og koksen vert brukt til å trekke ut oksygenet slik at reint silisium og reint jern vert danna. FeSi-legeringa er med på å gje stål eller støypejern dei eigenskapar som bearbeidingsvennleg, styrke, hardleik, herdbarheit eller motstandskraft mot korrosjon. Det vert brukt ca 3-4 kg FeSi pr. tonn stål og ca 20 kg FeSi pr. tonn rustfritt stål.

MicroSilika
Silika-støvet er i utgangspunktet eit avfallsstoff frå produksjonen av ferrosilisium. Dagens reinseteknologi har gjort stoffet til ein ressurs. Ein finn stadig nye bruksområde, til dømes som tilsats i betong (aukar styrken, hindrar klorinntrenging og dermed korrosjon av armeringa), som erstatning for asbest i bygningsplater, i kosmetikk og i kontaktlinser. Årleg produksjon er opp mot 10 000 tonn.

Miljø

Elkem Bjølvefossen AS er underlagt utsleppsløyve frå myndigheitene – KLIF og er sertifisert hjå DNV (ISO14001 og ISO 9001) for på ein systematisk måte sikre og dokumentere den løpande oppfølginga.

Adresse

Ålvikvegen 1055
5614 ÅLVIK

Kontakt

Telefon: 56 55 08 00

Meir info

www.elkem.no

www.norskindustri.no

www.ferroforsk.com

Wallcon © 13-Feb-2012

logo

Webcam Ålvik

post@aalvik.info