Sjukestova ANS

Sjukestova i Ålvik

I Sjukestova er ei rekkje tenester samla. Legekontor med fastlege og fysioterapi-praksis, helsesyster og bedriftshelseteneste.

Allmenn lege

Johannes Ravnestad har sidan 1979 vert allmennpraktiserande lege i med kontor i Ålvik og er ein av 10 fastlegar i Kvam. Forutan fastlege tenesta er han bedriftslege for Elkem Bjølvefossen AS og knytt til helsestasjon og skulehelsetenesta. Johannes er også knytt til den kommunale vaktordninga.
Som rutine er han fastlege på Sjukestova Måndag, Onsdag og Fredag.

Fysioterapi

Einar Oppsanger har sidan 1989 arbeida som fysioterapeut i privat praksis på Sjukestova.
Han har gode lokale som gjev moglegheit for mange ulike øvingar og opptrenings program.
Som regel vert time hos fysioterapeut utført etter tilråding frå lege.
Fysioterapi behandling her vert utført Måndag, Onsdag og Fredag.

Bedriftshelse teneste (BHT)

Ålvik BHT servar bedrifta Elkem Bjølvefossen AS. Her arbeider bedriftssjukepleiar Åse Byrkjeland saman med Johannes og Einar. Torsdag er hovuddagen for denne aktiviteten.
Telefon: 56 55 77 77

Timebestilling

Timebestilling for både allmenn lege og fysioterapi vert koordinert gjennom sjukepleiar.
Sjukepleiar har kontortid:
Måndag, onsdag og fredag kl. 09.00 – 16.00
Tysdag kl. 09.00 – 12.00

Telefon: 56 55 75 00

Dersom ein har behov for hjelp/ tenester utanom kontotida ved sjukestova:
Legevakt i Kvam: 56 55 19 10
Nødtelefon lege/ ambulanse: 113

 

Helsestasjon (born)

Kvar tysdag har helsesyster teneste i Ålvik. Her møter born frå 0 til ungdomsskule alder.
Timeavtale og evt. spørsmål vert gjort direkte med helsesøster.
Telefon : 56 55 17 18 eller mobil 977 77 992

Adresse

Trånavegen 91
5614 ÅLVIK

Wallcon © 13-Feb-2012

logo

Webcam Ålvik

post@aalvik.info