Folk her

Her ynskjer me å fortelje litt om folk busett i Ålvik og Ytre Ålvik som har ein hobby, interesse eller eiga heimeside. Dette kan være interessant for andre å kjenne til og evt. ta kontakt med vedkomande. Kanskje har du same interesse? Kjekt også om du har tips om personar som har lyst å visse noko av sin hobby her.

Tom Laurits Haaland

Har si eige heimeside med bla. interesser i padling, foto, segling, fiske og bygda Ålvik. Har også eigen blogg med utveksling av tankar kring det meste.

Torill Fure - Glasskjelleren

Torild har bygd sitt eige smykkeverkstad og stort utval smykke. For det meste lagar ho smykke i glas men også av perler og tinn. Sal av smykker.
Mob. 988 79 806

Berit Bøland

Berit lagar/designar smykker.

Per Christian Kjepso

Per Christian Kjepso kjøpte den gamle bensin stasjonen på Tyrve (Ålvik) og har bla. bygd opp eit verkstad her. Han kallar stasjonen for ”Play Station” og har etablert ein uformell skruplass der folk kan få låna lokale og utstyr. Ta kontakt med Per Christian for leige og vilkår.

Modellfly

Det er eit aktivt modellfly miljø i Ålvik. Dei er ikkje organisert som lag/ foreining men samlast både til uttesting av fly samt utveksling av erfaringar i dette faget. Ta kontakt med redaksjonen for tips.

Bowling klubb

Tidlegare var dei organisert i ein eigen bedriftsklubb med namn "Bjølve Coole Club". No er fortsatt mange aktive med bowling i Hardanger Bowling, Øystese. I dag er klubben uformell og ikkje med i bedrifts tevling.

 

Wallcon © 13-Feb-2012

logo

Webcam Ålvik

post@aalvik.info