Tur i skog og fjell

Trimkassar med Ålviktrimmen

Det er montert trimmkassar på ulike turmål kring Ålvik. Dette er plassar ein kan skrive seg inn i bøker med navn og dato når ein besøkte plassen. Har ein nok poeng i løpet av sesongen kan ein vinne diplom og/eller premie. Ålvik Idrettslag har anvaret for administrasjon av bøker samt utdeling av diplom og premie.

Sommarbøker

Plass Poeng Bok lagt ut
Barlindflaten 2 April
Kjepsoåsen (Åsen) 2 April
Krossfuru 2 kring April
Hedlerstølen (Hedler) 4 kring April
Lilletveitstølen 4 kring April
Bjølveseter 4 kring Mai
Roaldsdalen (Dalen) 4 kring April
Kjepsostølen 6 kring Mai
     

Bøker vert lagt ut etter kvart som plassane vert frie for snø.
Bøkene vert samla inn kring 1 oktober.
Vilkår for å få diplom er at ein har besøkt alle postane (28 poeng) eller meir en 30 poeng samanlagt.

Der er også premiering av "Mest poeng vaksne", "Mest poeng born" til og med 16år, "Mest poeng familie" minimum 2 familiemedlem som er på same post samtidig. For å delta i premieklassen må ein ha vert på alle postane i sesongen.

Vinterbøker

Plass Poeng Bok lagt ut
Barlindflaten 2 Oktober
Kjepsoåsen (Åsen) 2 Oktober
     

Premiering: Trekker ut 3 premier frå dei som har gått meir en 10 turar på kvar post.

Alternative turar

Ruternavn som er merka med blått er lagt ut ut GPS informasjon på nettsidene www.wikiloc.com

Hedler frå Vikedal
Kan parkera nede ved starten av skogsveg

Kjepso gard
Ein av få gardar i Hardanger som ikkje har bilveg.

Krossfuru
Populært turmål gjennom sesongen. Ved regnvær kan fjella ein går på være glatte.

Barlindflaten
Ikkje for mykje stigning på denne turen men mykje skog som gjev begrensa utsikt til fjorden.

Kjepsoåsen rundt
Åsen er populær heile året pga. den er tilgjengelig stort sett heile året alt etter snømengde.

Rong-Ålvik
Ein tur som årleg vert arrangert av Ålvik Idrettslag med buss til Rong.

Bjølveseter
Tur frå Fosse til Bjølveseter i Ytre Ålvik.

Oskarsborg
Alternativ tur til å komme seg opp å høgfjellet i Ålvik (Toppen)

 

 

Wallcon © 13-Feb-2012

logo

Webcam Ålvik

post@aalvik.info