Her ynskjer ein å legge koplingar til nettsider som har informasjon/ fokus på Ålvik, Ytre Ålvik. Det kan også omfatte artiklar som tar for seg regionen der Ålvik er ein del av artikkelen.
OBS. Artiklar frå eksterne nettsider kan verta fjerna og då vil link frå denne sida være til ingen nytte.
Også her treng ein hjelp frå publikum. Finn du ein artikkel som vedkjem Ålvik, Ytre Ålvik send ein link til redaksjonen. Takk !
____________________
Artikkel frå nettsider til NRK Hordaland 3 mai 2012
Dei nederlandske kunstnarane Sjaak Langenberg og Rosè de Beer har gjennom to opphald i industribygda Ålvik i Hardanger, gitt nasjonalromantikken nye motiv.
_____________________
Artikkel frå nettsider til Dagens Næringsliv.
______________________
_______________________
Artikkel frå Ålvik Vekst sine nettsider:
Av sakene som vert lagt fram for styret, er ein sluttrapport utarbeidd av HiB.
Møtet skal vera i Norheimsund.
_______________________
Artikkel frå Ålvik Vekst sine nettsider:
Følgjande vart presentert på møtet i Kafé Kraftstasjonen:
* Justert framlegg til reguleringsplan for Torget - Tyrvefjøra, v/Leif Ingmar Kaale.
* Detaljplanlegging for Torget v/Solvår Nyhavn.
* Plan og skisser for "Sagje" i Tyrvefjøra v/ Solvår Nyhavn.
* Drivstofftankar på Torget v/Øystein Ådland
I tillegg orienterte biblioteksjef Siv Røyneland om korleis det nye biblioteket i Ålvik skal fungera.
Og leiar i 'Foreningen Torget', Frode Jacobsen orienterte om kafedrifta og om vidare planar for foreininga sitt vidare engasjement i Ålvik.
________________________
* Presentasjon av endringar i reguleringsplanen Tyrvefjøra - Torget
* Presentasjon av detaljplanar for Torget
* Drivstoffpumper
* Om kaféen og biblioteket
* Om Tyrvefjøra og Sagje
Sjå artikkel på Ålvik Vekst sine nettsider.
Stor glede i Ålvik. Lenge har me lengta etter ein kafe i Ålvik.
Å så fin den har blitt !!
Andrea som har designa interiøret har eige blogg side med bilder frå forskjellige prosjekt.
http://www.draumekarusell.blogspot.com/
Kjem med meir informasjon om Kafe Kraftstasjonen seinare.
______________
KREATIVE SAMBYGDINGAR!!
Du som lagar ting heime:
Smykker, keramikk, strikking, sying, trearbeid osv… vert med dette invitert til å ha ”stand” på ”Ålvik-dagen” som vert arrangert 10.sept.2011
Me ynskjer at dette skal bli ein årleg begivenhet i Ålvik. I fjor var me svært uheldige med været, men satsar på snille værgudar i år og eit endå betre arrangement!
Me treng tilbakemelding frå deg som ynskjer visa fram og selja det du lagar, frist for tilbakemelding har me satt til 15.april !
Tilbakemelding kan rettast til:
Tommy Vikdal: mob: 90820449 e-post: tommy@alvikrock.no
Borghild Lygre: mob: 48109652 e-post: borghild.lygre@kvamnet.no
____________________
Linda Lien disputerar i Bergen laurdag 26. mars. Tema for prosjektet hennar er "Nye måtar å finna og formidla visuell stadsidentitet på." Linda har vore stipendiat ved Kunsthøgskolen i Bergen.
___________________
Rapporten er utarbeidd av forskarane Knut Vareide og Hanna Nyborg Storm, begge knytt til Telemarksforsking i Bø i Telemark. Rapporten vart presentert av Knut Vareide i ei samling i Kabuso torsdag 27. januar. 2011
Lars Arne Stalheim er tilsett som direktør ved Elkem Bjølvefossen i Ålvik frå 1. februar.
Ålvik vekst ynskjer velkomen og lukke til med arbeidet. Samstundes vil me takka Frode Nummedal for godt samarbeid.
Sjå og kopi av intervju i Bergens Tidende. (PDF)
__________________
Ordet bokkafé vil få nytt innhald i Ålvik.
Sjølv om opningstidene ikkje er meint å utvidast no, vil automatiske tenester etterkvart gjera bibliotektenestene i Ålvik meir tilgjengelege.
Ålvik vil få eit betre tilbod - både for boklån og for kafé. Handlerunden på Coop'en og føremiddagskaffien på kaféen kan lett kombinerast med boklån eller ei lesestund i biblioteket.
Me vonar nyordninga kjem i gang før sommarferien.
_________________
I samband med eit seminar i Ålvik (seminaret vart avlyst) laga Eirik Fossåskaret ein presentasjona av noko av dette stoffet.
Det er viktig for Ålvik å presentera seg sjølv slik. Difor gjer me denne presentasjonen tilgjengeleg på nettsida.
Takk til Eirik Fossåskaret for velvilje!
_________________
_________________
I denne lokalhistoriske boka vert dei viktigaste hendingane sette under lupa, studerte med Ytre Ålvik sine eigne auge og uttrykte i personlege skildringar av korleis oppveksten har vore i grenda så langt bak i tid ein kan minnast.
I tillegg til å vera god lesnad, er boka eit godt oppslagsverk for dei med mest interesse for lokalhistorie.
Hardangerforlaget 2006
_________________
Wallcon © 06-May-2012